158073_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
158073
HKPI opp 0,2 prosent
statistikk
2014-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksnovember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig 0,2 prosent frå oktober til november 2014. Høgare prisar på bøker drog HKPI opp, medan lågare prisar på flyreiser drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
September 2014Oktober 20141November 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,11,92,0
Island0,41,0...
Sverige0,00,3...
Danmark0,30,3...
Finland1,51,2...
Tyskland0,80,7...
Storbritannia1,2......
EØS0,40,5...
EU0,40,5...
Euroområdet0,30,40,3
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 119,0 (2005=100) i november 2014, mot 116,7 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,0 prosent for november, opp 0,1 prosentpoeng frå oktober.

Sjå konsumprisindeksen for meir informasjon om novembertala.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for oktober 2014 viser at HKPI var 121,0 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 118,0 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i oktober var 0,5 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var veksten 0,4 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,3 prosent for november 2014.

Detaljerte tal for november vert publiserte av Eurostat 17. desember.