158045_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
158045
HKPI ned 0,4 prosent
statistikk
2014-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksaugust 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,4 prosent frå juli til august 2014. Lågare prisar på matvarer, møbler og klede drog HKPI ned, medan høgare prisar på elektrisitet drog HKPI i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Juni 2014Juli 20141August 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg1,82,21,9
Island1,32,3...
Sverige0,50,4...
Danmark0,40,5...
Finland1,11,0...
Tyskland1,00,8...
Storbritannia1,9......
EØS0,70,6...
EU0,70,6...
Euroområdet0,50,40,3
Figur 1.  Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 118,0 (2005=100) i august 2014, mot 115,8 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,9 prosent for august, ned 0,3 prosentpoeng frå juli.

For meir informasjon om august-tala sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juli 2014 viser at HKPI var 120,6 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,4 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i juli var 0,6 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var veksten 0,4 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,3 prosent for august 2014.

Detaljerte tal for august vert publiserte av Eurostat 17. september.