142893_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
142893
HKPI opp 0,3 prosent
statistikk
2014-04-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmars 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,3 prosent frå februar til mars 2014. Høgare prisar på klede og møblar medverka mest til oppgangen, medan lågare prisar på elektrisitet drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Januar 2014Februar 20141Mars 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,11,91,8
Island1,50,8...
Sverige0,20,1...
Danmark0,80,3...
Finland1,91,6...
Tyskland1,21,0...
Storbritannia1,9......
EØS0,90,8...
EU0,90,8...
Euroområdet0,80,70,5
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 117,4 (2005=100) i mars 2014, opp frå 115,3 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,8 prosent for mars, ned 0,1 prosentpoeng frå februar.

For meir informasjon om marstala , sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for februar 2014 viser at HKPI var 120,0 for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 116,9. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i februar var 0,8 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var den 0,7 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,5 prosent for mars 2014.

Detaljerte tal for mars vert publiserte av Eurostat 16. april.