142889_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
142889
HKPI ned 0,2 prosent
statistikk
2014-02-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. januar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,2 prosent frå desember 2013 til januar 2014. Lågare prisar på klede, flyreiser og møbler medverka mest til nedgangen, medan høgre prisar på matvarer og alkoholfrie drikkevarer drog i den motsette retninga.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
November 2013Desember 20131Januar 20141
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,31,82,1
Island3,03,7...
Sverige0,30,4...
Danmark0,30,4...
Finland1,81,9...
Tyskland1,61,2...
Storbritannia2,12,0...
EØS1,01,0...
EU1,01,0...
Euroområdet0,90,80,7
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 116,4 (2005=100) i januar 2014, opp frå 114,0 den same månaden i 2013. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,1 prosent for januar, opp 0,3 prosentpoeng frå desember 2013.

For meir informasjon om januartala , sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for desember 2013 viser at HKPI var 120,8 for EU og 120,7 for EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,9. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i desember var 1,0 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var den 0,8 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,7 prosent for januar 2014.

Detaljerte tal for januar vert publiserte av Eurostat 24. februar.