142887_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
142887
HKPI ned 0,1 prosent
statistikk
2014-01-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. desember 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,1 prosent frå november til desember 2013. Lågare prisar på matvarer og elektrisitet medverka mest til nedgangen, medan høgare prisar på bøker og flyreiser drog i den motsette retninga.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Oktober 2013November 20131Desember 20131
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,32,31,8
Island3,23,0...
Sverige0,20,3...
Danmark0,30,3...
Finland1,71,8...
Tyskland1,21,6...
Storbritannia2,22,1...
EØS0,91,0...
EU0,91,0...
Euroområdet0,70,90,8
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 116,6 (2005=100) i desember 2013, opp frå 114,5 den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,8 prosent for desember, som er ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå november 2013.

For meir informasjon om desembertala , sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for november 2013 viser at HKPI var 120,3 (2005=100) for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,5 (2005=100). Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i november var 1,0 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var han 0,9 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,8 prosent for desember 2013.

Detaljerte tal for desember vert publiserte av Eurostat 16.januar.