113797_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
113797
HKPI opp 0,1 prosent
statistikk
2013-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. november 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,1 prosent frå oktober til november 2013. Høgare prisar på bøker og klede medverka mest til oppgangen, medan lågare prisar på flyreiser drog i den motsette retninga.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
September 2013Oktober 20131November 20131
1Tal med stjerne er førebelse tal.
Noreg2,62,32,3
Island3,83,2...
Sverige0,50,2...
Danmark0,20,3...
Finland1,81,7...
Tyskland1,61,2...
Storbritannia2,72,2...
EØS1,30,9...
EU1,30,9...
Euroområdet1,10,70,9
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 116,7 (2005=100) i november 2013, opp frå 114,1 den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,3 prosent for november, uendra frå oktober 2013.

For meir informasjon om novembertala , sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for oktober 2013 viser at HKPI var 120,4 for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,6. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i oktober var 0,9 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var han 0,7 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,9 prosent for november 2013.

Detaljerte tal for november vert publiserte av Eurostat 17.desember.