113791_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
113791
HKPI opp 0,2 prosent
statistikk
2013-11-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. oktober 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,2 prosent frå september til oktober 2013. Høgare prisar på elektrisitet og klede medverka mest til oppgangen, medan lågare prisar på flyreiser og bøker drog i den motsette retninga.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
August 2013September 20131Oktober 20131
1Førebelse tal for Noreg og Euroområdet for oktober 2013 og for EØS, EU og Euroområdet for september 2013.
Noreg3,32,62,3
Island4,83,8...
Sverige0,80,5...
Danmark0,10,2...
Finland2,01,8...
Tyskland1,61,6...
Storbritannia2,72,7...
EØS1,51,3...
EU1,51,3...
Euroområdet1,31,10,7
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad

HKPI for Noreg var 116,6 (2005=100) i oktober 2013, opp frå 114,0 den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,3 prosent for oktober, som er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå september 2013.

For meir informasjon om oktobertala, sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for september 2013 viser at HKPI var 120,5 for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,7. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i september var 1,3 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var han 1,1 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 0,7 prosent for oktober 2013.

Detaljerte tal for oktober vert publiserte av Eurostat 15. november.