113789_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
113789
HKPI opp 0,5 prosent
statistikk
2013-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. september 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,5 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,5 prosent frå august til september 2013. Høgare prisar på møbler, klede og elektrisitet medverka mest til oppgangen, medan lågare prisar på bøker og mat drog i den motsette retninga.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Juli 2013August 2013September 2013
1Førebelse tal for Noreg og Euroområdet for september 2013 og for EØS, EU og Euroområdet for august 2013
Noreg2,83,32,6
Island4,24,8...
Sverige0,80,8...
Danmark0,40,1...
Finland2,52,0...
Tyskland1,91,6...
Storbritannia2,8......
EØS1,71,5...
EU1,71,5...
Euroområdet1,61,31,1
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad

HKPI for Noreg var 116,4 (2005=100) i september 2013, opp frå 113,4 den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,6 prosent for september, som er ein nedgang på 0,7 prosentpoeng frå august 2013.

For meir informasjon om septembertala sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for august 2013 viser at HKPI var 120,0 for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,1. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i august var 1,5 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var han 1,3 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 1,1 prosent for september 2013.

Detaljerte tal for september vert publiserte av Eurostat 16. oktober.