107144_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
107144
HKPI ned 0,1 prosent
statistikk
2013-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. august 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,1 prosent frå juli til august 2013. Lågare prisar på møbler medverka mest til oppgangen, medan høgare bokprisar drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Juni 2013Juli 2013August 2013
1Førebelse tal for Noreg og Euroområdet for august 2013 og for EØS, EU og Euroområdet for juli 2013
Noreg1,92,83,3
Island3,14,2...
Sverige0,50,8...
Danmark0,60,4...
Finland2,32,5...
Tyskland1,91,9...
Storbritannia2,92,8...
EØS1,81,7...
EU1,71,7...
Euroområdet1,61,61,3
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 115,8 (2005=100) i august 2013, opp frå 112,1 den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 3,3 prosent for august, opp 0,5 prosentpoeng frå juli 2013.

For meir informasjon om augusttala, sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juli 2013 viser at HKPI var 119,9 for både EU og EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,0. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i juli var 1,7 prosent for EU og EØS, og for euroområdet var han 1,6 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 1,3 prosent for august 2013.

Detaljerte tal for august vert publiserte av Eurostat 16. september.