105962_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
105962
HKPI opp 0,4 prosent
statistikk
2013-08-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. juli 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,4 prosent frå juni til juli 2013. Høgare prisar på matvarer medverka mest til oppgangen, medan lågare prisar på klede drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Mai 2013Juni 2013Juli 2013
1Førebelse tal for Noreg og Euroområdet for juli 2013 og for EØS, EU og Euroområdet for juni 2013
Noreg1,81,92,8
Island3,33,1...
Sverige0,30,5...
Danmark0,60,6...
Finland2,52,3...
Tyskland1,61,9...
Storbritannia2,7......
EØS1,61,8...
EU1,61,7...
Euroområdet1,41,61,6
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 115,9 (2005=100) i juli 2013, opp frå 112,7 den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 2,8 prosent for juli, opp 0,9 prosentpoeng frå juni 2013.

For meir informasjon om julitala sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juni 2013 viser at HKPI var 120,4 for EU og 120,3 for EØS, medan HKPI for euroområdet var 117,6. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i juni var 1,7 prosent for EU, 1,8 prosent for EØS, og for euroområdet var han 1,6 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 1,6 prosent for juli 2013.

Detaljerte tal for juli vert publiserte av Eurostat 16. august.