105964_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
105964
HKPI ned 0,5 prosent
statistikk
2013-07-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. juni 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,5 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,5 prosent frå mai til juni 2013. Lågare prisar på elektrisitet inkludert nettleige medverka mest til nedgangen. Andre bidragsytarar til nedgangen var blant anna prisfall på flyreiser, klesplagg og møbler.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
April 2013Mai 2013Juni 2013
1Førebelse tal for Noreg og Euroområdet for juni 2013 og for EØS, EU og Euroområdet for mai 2013
Noreg1,81,81,9
Island4,03,3...
Sverige0,00,3...
Danmark0,40,6...
Finland2,42,5...
Tyskland1,11,6...
Storbritannia2,4......
EØS1,41,6...
EU1,41,6...
Euroområdet1,21,41,6
Figur 1. Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 115,4 (2005=100) i juni 2013, opp frå 113,3 i den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,9 prosent for juni, opp 0,1 prosentpoeng frå mai 2013.

For meir informasjon om junitala sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mai 2013 viser at HKPI for både EU og EØS var 120,3, medan HKPI for euroområdet var 117,5. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI var 1,6 prosent for både EU og EØS i mai. For euroområdet var han 1,4 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 1,6 prosent for juni 2013.

Detaljerte tal for juni vert publiserte av Eurostat 16. juli.