105966_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
105966
HKPI ned 0,1 prosent
statistikk
2013-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. mai 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,1 prosent frå april til mai 2013. Lågare prisar på elektrisitet inkludert nettleie medverka mest til nedgangen, medan ein prisauke på flyreiser drog HKPI i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Mars 2013April 2013Mai 2013
1Førebelse tal for Noreg og Euroområdet for mai 2013 og for EØS, EU og Euroområdet for april 2013
Noreg1,11,81,8
Island4,54,0...
Sverige0,50,0...
Danmark0,70,4...
Finland2,52,4...
Tyskland1,81,1...
Storbritannia2,8......
EØS1,91,4...
EU1,91,4...
Euroområdet1,71,21,4
Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 116,0 (2005=100) i mai 2013, opp frå 114,0 den same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,8 prosent for mai, uendra frå april 2013.

For meir informasjon om mai-tala, sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for april 2013 viser at HKPI for både EU og EØS var 120,2, medan HKPI for euroområdet var 117,4. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI var 1,4 prosent for både EU og EØS i april. For euroområdet var han 1,2 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 1,4 prosent for mai 2013.

Detaljerte tal for mai vert publiserte av Eurostat 14. juni.