92380_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
92380
HKPI opp 0,4 prosent
statistikk
2013-04-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. mars 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,4 prosent frå februar 2013 til mars 2013. Høgare prisar på klede og elektrisitet medverka til å trekkje HKPI opp, medan lågare prisar på matvarer bidrog til å dempe oppgangen.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent1
Harmonisert konsumprisindeks, 12-månaders endring
Januar 2013Februar 2013Mars 2013
1Førebelse tal for Noreg og Euroområdet for mars 2013 og for EØS, EU og Euroområdet for februar 2013
Noreg1,20,61,1
Island6,16,2...
Sverige0,70,5...
Danmark1,01,0...
Finland2,62,5...
Tyskland1,91,8...
Storbritannia2,7......
EØS2,11,9...
EU2,12,0...
Euroområdet2,01,81,7
Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad

HKPI for Noreg var 115,3 (2005=100) i mars 2013, opp frå 114,0 i den same perioden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,1 prosent for mars, noko som er ein oppgang på 0,5 prosentpoeng frå februar 2013.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for februar 2013 viser at HKPI for både EU og EØS var 119,1, medan HKPI for euroområdet var 116,1. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI var 2,0 prosent for EU og 1,9 prosent EØS i februar. For euroområdet var den 1,8 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 1,7 prosent for mars 2013.

Detaljerte tal for mars vert publiserte av Eurostat 16. april.