92376_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
92376
HKPI ned 0,4 prosent
statistikk
2013-02-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,4 prosent frå desember 2012 til januar 2013. Lågare prisar på klede og møblar medverka til å trekkje HKPI ned, medan høgare prisar på elektrisitet inkludert nettleige bidrog til å dempe nedgangen.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
 November 2011 - november 2012Desember 2011 - desember 2012Januar 2012 - januar 20131
1Førebelse tal.
Noreg0,91,11,2
Island6,15,2 
Sverige0,60,9 
Danmark1,91,6 
Finland2,93,2 
Tyskland1,92,0 
Storbritannia2,42,4 
EØS2,22,2 
EU2,22,2 
Euroområdet2,12,22,0
Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 114,0 (2005=100) i januar 2013, mot 112,7 i same månaden i 2012. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,2 prosent for januar, som er ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå desember 2012.

For fleire detaljar, sjå Konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for desember 2012 viser at HKPI for både EU og EØS var 118,7, medan HKPI for euroområdet var 116,4. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i desember var 2,2 prosent for både EU, EØS og euroområdet. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,0 prosent for januar 2013.

Detaljerte tal for januar vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 28. februar.