91714_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
91714
HKPI opp 0,4 prosent
statistikk
2013-01-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. desember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,4 prosent frå november til desember 2012. Høgare prisar på elektrisitet medverka til å trekke HKPI opp, medan lågare prisar på matvarer og alkoholfrie drikkevarer bidrog til å dempe oppgangen.

HKPI for Noreg var 114,5 (2005=100) i desember 2012, mot 113,2 i same månad 2011. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 1,1 prosent for desember, ein oppgang på 0,2 prosentpoeng frå november.

For fleire detaljar, sjå konsumprisindeksen .

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for november 2012 viser at HKPI for både EU og EØS var 119,2, medan HKPI for euroområdet var 116,5. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i november var 2,4 prosent for EU og 2,3 prosent for EØS. I euroområdet var veksten 2,2 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,2 prosent for desember.

Detaljerte tal for desember vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 16. januar.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Oktober 2011-
oktober 2012
November 2011-
november 2012
Desember 2011-
desember 2012
Noreg 0,8 0,9 11,1
Island 5,1 6,0  
Sverige 1,2 0,8  
Danmark 2,3 2,2  
Finland 3,5 3,2  
Tyskland 2,1 1,9  
Storbritannia 2,7 2:  
EøS 2,6 12,3  
EU 2,6 12,4  
Euroområdet 2,5 2,2 12,2
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.