65933_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
65933
Svak nedgang i HKPI
statistikk
2012-02-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. januar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,4 prosent frå desember 2011 til januar 2012. Den viktigaste årsaka til fallet var lågare prisar på klede og skotøy, medan prisoppgangar innanfor bustad, lys og brensel bidrog til å dempe nedgangen.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var i januar 2012 112,7 (2005=100), mot 112,4 same månad i 2011. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for januar på 0,3 prosent, ein oppgang på 0,4 prosentpoeng frå desember.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for desember 2011 viser at HKPI for EU og EØS var 116,8. HKPI for euroområdet var 114,4. Tolvmånadersveksten i HKPI i desember var 3,0 prosent for EU og EØS, medan veksten i euroområdet var på 2,7 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for januar 2012 på førehand berekna til 2,7 prosent.

Detaljerte tal for januar vert publiserte på Eurostats heimesider den 14. februar 2012.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  November 2010-november 2011 Desember 2010-desember 2011 Januar 2011-januar 2012
Noreg 1,2 -0,1 10,3
Island 5,1 5,3  
Sverige 1,1 0,4  
Danmark 2,5 2,4  
Finland 3,2 2,6  
Tyskland 2,8 2,3  
Storbritannia 4,8 2:  
EøS 3,3 13,0  
EU 3,4 13,0  
Euroområdet 3,0 32,7 12,7
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
3  Reviderte tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.