56388_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/maaned
56388
Svak auke i HKPI
statistikk
2012-01-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. desember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,1 prosent frå november til desember 2011. Den viktigaste årsaka til oppgangen var høgare priser på transporttenester, medan prisnedgangen i elektrisitet bidrog til å dempe veksten.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 113,2 (2005=100) i desember 2011, mot 113,3 i same månaden i 2010. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for desember på -0,1 prosent, ein nedgang på 1,3 prosentpoeng frå november.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for november 2011 viser at HKPI for EU og EØS var 116,4. HKPI for euroområdet var 114,0. Tolvmånadersveksten i HKPI i november var 3,4 prosent for EU og 3,3 prosent for EØS, medan veksten i euroområdet var på 3,0 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for desember 2011 på førehand berekna til 2,8 prosent.

Detaljerte tal for desember vert publiserte på Eurostats sine heimesider 17. januar 2012.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Oktober 2010-oktober 2011 November 2010-november 2011 Desember 2010-desember 2011
Noreg 1,3 1,2 1-0,1
Island 5,3 5,1  
Sverige 1,1 1,1  
Danmark 2,7 2,5  
Finland 3,2 3,2  
Tyskland 2,9 2,8  
Storbritannia 5,0 4,8  
EøS 3,3 13,3  
EU 3,4 13,4  
Euroområdet 3,0 13,0 12,8
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.