84396_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
84396
HKPI opp 1,2 prosent
statistikk
2012-10-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. september 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 1,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 1,2 prosent frå august til september 2012. Prisauke på klede medverka mest til oppgangen, medan reduksjon i prisar på elektrisitet og bøker drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 113,4 (2005=100) i september 2012, mot 113,3 i same månaden i 2011. Dette svarar til ein tolvmånadersvekst på 0,1 prosent for september, ein oppgang på 0,1 prosentpoeng frå august.

For fleire detaljar, sjå konsumprisindeksen .

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for august 2012 viser at HKPI for både EU og EØS var 118,3, medan HKPI for euroområdet var 115,6. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI for EU og EØS var 2,7 prosent i august. I euroområdet var veksten 2,6 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,7 prosent for september.

Detaljerte tal for september vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 16. oktober.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Juli 2011-
juli 2012
     August 2011-
august 2012
     September 2011-
september 2012
Noreg -0,2 0,0 10,1
Island 5,4 4,5  
Sverige 0,7 0,9  
Danmark 2,1 2,6  
Finland 3,1 3,3  
Tyskland 1,9 2,2  
Storbritannia    2,6 2:  
EøS 2,5 12,7  
EU 2,5 12,7  
Euroområdet 2,4 2,6 12,7
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.