84390_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
84390
HKPI ned 0,6 prosent
statistikk
2012-07-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. juni 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,6 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,6 prosent frå mai til juni 2012. Prisreduksjon på elektrisitet inkludert nettleie, møbler, innreiings- og dekorasjonsartiklar samt klesplagg, medverka mest til nedgangen.

HKPI for Noreg var 113,3 (2005=100) i juni 2012, uendra frå juni 2011. Inga endring dei siste tolv månader svarar til ein nedgang i tolvmånadersveksten på 0,2 prosentpoeng frå mai i år.

For fleire detaljar, sjå konsumprisindeksen .

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mai 2012 viser at HKPI for både EU og EØS var 118,5, medan HKPI for euroområdet var 115,9. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI var i mai 2,6 prosent både for EU og EØS. I euroområdet var veksten 2,4 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,4 prosent for juni.

Detaljerte tal for juni vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 16. juli.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  April 2011-april 2012 Mai 2011-mai 2012 Juni 2011-juni 2012
Noreg -0,1 0,2 10,0
Island 7,2 6,0  
Sverige 1,0 0,9  
Danmark 2,3 2,1  
Finland 3,0 3,1  
Tyskland 2,2 2,2  
Storbritannia 3,0 2:  
EøS 2,7 12,6  
EU 2,7 12,6  
Euroområdet 2,6 12,4 12,4
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.