84388_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
84388
Uendra HKPI
statistikk
2012-06-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. mai 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste inga endring frå april til mai 2012. Prisauke på matvarer og flyreiser førte isolert sett til vekst i HKPI, medan eit prisfall på elektrisitet inkludert nettleie bidrog til at HKPI vart uendra.

HKPI for Noreg var 114,0 (2005=100) i mai 2012, mot 113,8 i same månad året før. Det svarar til ein tolvmånadersvekst på 0,2 prosent for mai, ein oppgang på 0,3 prosentpoeng frå april i år.

For fleire detaljar, sjå konsumprisindeksen .

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for april 2012 viser at HKPI for EU og EØS var høvesvis 118,6 og 118,5, medan HKPI for euroområdet var 116,0. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI var i april 2,7 prosent både for EU og EØS. I euroområdet var veksten 2,6 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,4 prosent for mai.

Detaljerte tal for april vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 14. juni.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Mars 2011-mars 2012 April 2011-april 2012 Mai 2011-mai 2012
Noreg 0,5 -0,1 10,2
Island 7,8 7,2  
Sverige 1,1 1,0  
Danmark 2,7 2,3  
Finland 2,9 3,0  
Tyskland 2,3 2,2  
Storbritannia 3,5 2:  
EøS 2,9 12,7  
EU 2,9 12,7  
Euroområdet 2,7 12,6 12,4
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.