84386_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
84386
Ingen endring i HKPI
statistikk
2012-05-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. april 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ingen endring i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var uendra frå mars til april 2012. Prisauke på bøker og pakketurar førte isolert sett til vekst i HKPI, medan eit prisfall på matvarer bidrog til at HKPI vart uendra.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var i april 2012 114,0 (2005=100), mot 114,1 i same månad året før. Det svarar til ein negativ tolvmånadersvekst på 0,1 prosent for april, og ein nedgang på 0,6 prosentpoeng frå mars i år.

For fleire detaljar, sjå konsumprisindeksen .

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mars 2012 viser at HKPI for EU og EØS var 118,0, medan HKPI for euroområdet var 115,5. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i mars var 2,9 prosent både for EU og EØS. I euroområdet var veksten på 2,7 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,6 prosent for april.

Detaljerte tal for april vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 16. mai.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
     Februar 2011-
februar 2012
   Mars 2011-
mars 2012
   April 2011-
april 2012
Noreg 1,0 0,5 1-0,1
Island 6,7 7,8  
Sverige 1,0 1,1  
Danmark 2,7 2,7  
Finland 3,0 2,9  
Tyskland 2,5 2,3  
Storbritannia 3,4 2:  
EøS 2,9 12,9  
EU 2,9 12,9  
Euroområdet 2,7 12,7 12,6
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.