84384_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
84384
HKPI ned 0,1 prosent
statistikk
2012-04-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. mars 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg sank med 0,1 prosent frå februar til mars 2012. Prisfall på elektrisitet medverka mest til nedgangen, medan prisauke på klede og skotøy drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 114,0 (2005=100) i mars 2012, mot 113,4 i same månad året før. Det svarar til ein tolvmånadersvekst på 0,5 prosent for mars, og er ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå februar.

For fleire detaljar, sjå konsumprisindeksen .

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for februar 2012 viser at HKPI for EU og EØS var 116,8, medan HKPI for euroområdet var 114,0. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i februar var 3,0 prosent for EU og 2,9 prosent for EØS. I euroområdet var den på 2,7 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,6 prosent for mars.

Detaljerte tal for mars vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 17. april.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Januar 2011-
januar 2012
    Februar 2011-
februar 2012
    Mars 2011-
mars 2012
Noreg 0,3 1,0 10,5
Island 6,2 6,7  
Sverige 0,7 1,0  
Danmark 2,8 2,7  
Finland 3,0 3,0  
Tyskland 2,3 2,5  
Storbritannia 3,6 2:  
EøS 2,9 12,9  
EU 2,9 13,0  
Euroområdet 2,7 12,7 12,6
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.