53508_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
53508
Fall i HKPI på 0,7 prosent
statistikk
2011-09-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. august 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fall i HKPI på 0,7 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,7 prosent frå juli til august 2011. Det var lågare priser på matvarer og flybillettar som medverka mest til nedgangen.

HKPI for Noreg var 112,1 (2005=100) i august 2011, mot 110,7 i same månaden i 2010. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for august på 1,3 prosent, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå juli.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juli 2011 viser at HKPI for EU og EØS var 114,9, medan HKPI for euroområdet var 112,4. Tolvmånadersveksten i HKPI i juli var 2,9 prosent for EU og EØS, medan veksten i euroområdet var på 2,5 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for august 2011 på førehand berekna til 2,5 prosent.

Detaljerte tal for august vert publiserte på Eurostat sine heimesider 15. september 2011.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Juni 2010-juni 2011 Juli 2010-juli 2011 August 2010-august 2011
Noreg 1,3 1,5 11,3
Island 4,8 5,2  
Sverige 1,5 1,6  
Danmark 2,9 3,0  
Finland 3,4 3,7  
Tyskland 2,4 2,6  
Storbritannia 4,2 4,4  
EøS 3,1 12,9  
EU 3,1 12,9  
Euroområdet 2,7 12,5 12,5
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.