53500_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
53500
HKPI opp 0,6 prosent
statistikk
2011-05-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. april 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,6 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,6 prosent frå mars til april 2011. Auke i prisane på flyreisar og bøker medverka mest til oppgangen, medan reduserte prisar på elektrisitet og matvarer drog i motsett retning.

HKPI for Noreg var 114,1 (2005=100) i april 2011, mot 112,6 i same månaden i 2010. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for april på 1,3 prosent, ein oppgang på 0,4 prosentpoeng frå mars.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mars 2011 viser at HKPI for EU og EØS var 114,7, medan HKPI for euroområdet var 112,5. Tolvmånadersveksten i HKPI i mars var 3,1 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 2,7 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for april 2011 på førehand berekna til 2,8 prosent.

Detaljerte tal for april vert publiserte på Eurostat sine heimesider 16. mai 2011.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Februar 2010-
februar 2011
Mars 2010-
mars 2011
April 2010-
april 2011
Noreg 1,1 10,9 11,3
Island 2,3 2,3  
Sverige 1,2 1,4  
Danmark 2,6 2,5  
Finland 3,5 3,5  
Tyskland 2,2 2,3  
Storbritannia 4,4 4,0  
EøS 22,9 13,1  
EU 22,9 13,1  
Euroområdet 2,4 12,7 12,8
1  Førebelse tal.
2  Reviderte tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.