32376_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32376
Sterk auke i HKPI
statistikk
2011-01-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. desember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk auke i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 1,3 prosent frå november til desember 2010. Prisane på energivarer medverka mest til oppgangen, medan prisane på klede i lag med matvarer fall.

HKPI for Noreg var 113,3 (2005=100) i desember 2010, mot 110,3 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for desember på 2,7 prosent, ein oppgang på 1,2 prosentpoeng frå november.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for november 2010 viser at HKPI for EU og EØS var 112,7, medan HKPI for euroområdet var 110,6. Tolvmånadersveksten i HKPI i november var 2,3 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,9 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for desember 2010 på førehand berekna til 2,2 prosent.

Detaljerte tal for desember vert publiserte på Eurostat sine heimesider 14. januar.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Oktober 2009-oktober 2010 November 2009-november 2010 Desember 2009-desember 2010
Noreg 1,7 1,5 12,7
Island 4,6 3,8  
Sverige 1,6 1,7  
Danmark 2,4 2,5  
Finland 2,3 2,4  
Tyskland 1,3 1,6  
Storbritannia 3,2 3,3  
EøS 2,3 12,3  
EU 2,3 12,3  
Euroområdet 1,9 11,9 12,2
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.

Nye vekter i HKPI i 2011

Frå og med januarindeksen 2011 (som vert publisert 10. februar 2011) vil harmonisert konsumprisindeks for Noreg få eit nytt vektgrunnlag. Dette grunnlaget er basert på nasjonalrekneskapen, nærare bestemt tal for konsum i hushaldet. Les meir i artikkel om nye vekter .