32231_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32231
HKPI steig 0,1 prosent
statistikk
2010-11-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. oktober 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI steig 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,1 prosent frå september til oktober 2010. Prisane på elektrisitet og klede auka mest, medan prisane på matvarer og ikkje-alkoholhaldige drikkevarer fall.

HKPI for Noreg var 111,6 (2005=100) i oktober 2010, mot 109,7 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for oktober på 1,7 prosent, ein oppgang på 0,3 prosentpoeng frå september.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for september 2010 viser at HKPI for EU og EØS var 112,1, medan HKPI for euroområdet var 110,1. Tolvmånadersveksten i HKPI i september var 2,2 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,8 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for oktober 2010 på førehand berekna til 1,9 prosent.

Detaljerte tal for oktober vert publiserte på Eurostat sine heimesider 15. november.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  August 2009-
august 2010
September 2009-
september 2010
Oktober 2009-
oktober 2010
Noreg 1,7 1,4 11,7
Island 5,9 5,1  
Sverige 1,1 1,5  
Danmark 2,3 2,5  
Finland 1,3 1,4  
Tyskland 1,0 1,3  
Storbritannia 3,1 3,1  
EøS 2,0 12,2  
EU 2,0 12,2  
Euroområdet 1,6 11,8 11,9
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.