32233_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32233
HKPI steig 0,7 prosent
statistikk
2010-10-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. september 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI steig 0,7 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,7 prosent frå august til september 2010. Den viktigaste orsaka til oppgangen var auka prisar på klede.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 111,5 (2005=100) i september 2010, mot 110,0 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for september på 1,4 prosent, ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå august.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for august 2010 viser at HKPI for EU og EØS var 111,9, medan HKPI for euroområdet var 109,9. Tolvmånadersveksten i HKPI i august var 2,0 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,6 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for september 2010 på førehand berekna til 1,8 prosent.

Detaljerte tal for september vert publiserte på Eurostat sine heimesider 15. oktober.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Juli 2009-
juli 2010
August 2009-
august 2010
September 2009-
september 2010
Noreg 1,8 1,7 11,4
Island 6,2 5,9  
Sverige 1,4 1,1  
Danmark 2,1 2,3  
Finland 1,3 1,3  
Tyskland 1,2 1,0  
Storbritannia 3,1 3,1  
EøS 2,1 12,0  
EU 2,1 12,0  
Euroområdet 1,7 11,6 11,8
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.