32235_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32235
HKPI ned 0,4 prosent
statistikk
2010-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. august 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI ned 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein nedgang på 0,4 prosent frå juli til august 2010. Prisane på klede og flyreiser falt mest, medan prisane på hotelltenester steig.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 110,7 (2005=100) i august 2010, mot 108,9 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for august på 1,7 prosent, ned 0,1 prosentpoeng frå juli.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juli 2010 viser at HKPI for EU og EØS var 111,7, medan HKPI for euroområdet var 109,7. Tolvmånadersveksten i HKPI i juli var 2,1 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,7 prosent. I euroområdet er tolvmånadersveksten for august 2010 på førehand berekna til 1,6 prosent.

Detaljerte tal for august vert publiserte på Eurostat sine heimesider 15. september.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Juni 2009-juni 2010 Juli 2009-juli 2010 August 2009-august 2010
Noreg 1,8 1,8 11,7
Island 7,6 6,2  
Sverige 1,6 1,4  
Danmark 1,7 2,1  
Finland 1,3 1,3  
Tyskland 0,8 1,2  
Storbritannia 3,2 2:  
EøS 1,9 12,1  
EU 1,9 12,1  
Euroområdet 1,4 11,7 11,6
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.