32243_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32243
HKPI opp 0,2 prosent
statistikk
2010-05-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. april 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI opp 0,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,2 prosent frå mars til april 2010. Prisane på klede og bøker auka mest, medan prisane på elektrisitet og flyreiser gjekk ned.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 112,6 (2005=100) i april 2010, mot 108,9 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for april på 3,4 prosent, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå mars.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mars 2010 viser at HKPI for EU og EØS var høvesvis 111,1 og 111,2, medan HKPI for euroområdet var 109,4. Tolvmånadersveksten i HKPI i mars var 1,9 prosent både for EØS og for EU, medan veksten i euroområdet var på 1,4 prosent. I euroområdet var tolvmånadersveksten for april 2010 på førehand estimert til 1,5 prosent.

Detaljerte tal for april blir publiserte på Eurostat sine heimesider 18. mai.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
     Februar 2009-
februar 2010
   Mars 2009-
mars 2010
   April 2009-
april 2010
Noreg 3,1 3,6 13,4
Island 10,7 11,6  
Sverige 2,8 2,5  
Danmark 1,8 2,1  
Finland 1,3 1,5  
Tyskland 0,5 1,2  
Storbritannia 3,0 2:  
EøS 1,5 11,9  
EU 1,5 11,9  
Euroområdet 0,9 11,4 11,5
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.