32245_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32245
Auke i HKPI
statistikk
2010-04-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. mars 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg viste ein oppgang på 0,5 prosent frå februar til mars 2010. Prisane på elektrisitet auka mest, medan prisane på bøker gjekk kraftig ned, mykje grunna siste del av Mammutsalget.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 112,4 (2005=100) i mars 2010, mot 108,5 i same månad året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for mars på 3,6 prosent, ein oppgang på 0,5 prosentpoeng frå februar.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for februar 2010 viser at HKPI for EU og EØS var 110,2 og 110,3, medan HKPI for euroområdet var 108,4. Tolvmånadersveksten i HKPI i februar var 1,5 prosent for EØS og 1,4 prosent for EU, medan veksten i euroområdet var på 0,9 prosent. I euroområdet var tolvmånadersveksten for mars 2010 på førehand estimert til 1,5 prosent.

Detaljerte tal for februar blir publiserte på Eurostat sine heimesider 16. april.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Januar 2009-januar 2010 Februar 2009-februar 2010 Mars 2009-mars 2010
Noreg 2,7 3,1 13,6
Island 10,6 10,7  
Sverige 2,7 2,8  
Danmark 1,9 1,8  
Finland 1,6 1,3  
Tyskland 0,8 0,5  
Storbritannia 3,5 2:  
EøS 1,7 11,5  
EU 1,7 11,4  
Euroområdet 1,0 10,9 11,5
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.