32252_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32252
Årsvekst i HKPI på 2,3 prosent
statistikk
2010-01-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksdesember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Årsvekst i HKPI på 2,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,2 prosent frå november til desember i fjor. Auke i pris på elektrisitet og flyreiser medverka mest til oppgangen, medan reduserte prisar på klede drog i motsett retning. Frå 2008 til 2009 steig HKPI med 2,3 prosent.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månaden året før EU, EØS og euroområdet

HKPI for Noreg var 110,3 (2005=100) i desember 2009 mot 107,7 i same månad året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for desember på 2,4 prosent, noko som er ein oppgang på 0,5 prosentpoeng frå november. HKPI auka i gjennomsnitt med 2,3 prosent frå 2008 til 2009. Auka i prisane på matvarer var den viktigaste årsaka til årsveksten. Andre viktige faktorar bak årsveksten var prisane på kulturelle tenester, samt prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Førebelse tal for november 2009 viser at HKPI for EU og EØS begge var 110,1, medan HKPI for euroområdet var 108,5. Tolvmånadersveksten i HKPI i november var 1,1 prosent for EØS, 1,0 prosent for EU og 0,5 prosent i euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten for desember 2009 på førehand estimert til 0,9 prosent.

Detaljerte tal for desember blir publisert på Eurostat sine heimesider 15. januar.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Oktober 2008-
oktober 2009
November 2008-
november 2009
Desember 2008-
desember 2009
Noreg 0,8 1,9 12,4
Island 13,8 12,4  
Sverige 1,8 2,4  
Danmark 0,6 0,9  
Finland 0,6 1,3  
Tyskland -0,1 0,3  
Storbritannia 1,5 1,9  
EøS 0,5 11,1  
EU 0,5 11,0  
Euroområdet -0,1 10,5 10,9
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.