32258_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32258
HKPI auka med 1,0 prosent
statistikk
2009-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksseptember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI auka med 1,0 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg auka med 1,0 prosent frå august til september i år. Prisauke på klede og skotøy etter sal i sumarmånadene var den viktigaste årsaka til at HKPI gjekk opp.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 110,0 (2005=100) i september 2009, mot 108,5 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for september på 1,4 prosent, som er ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå august.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for august 2009 viser at HKPI for EU og EØS var 109,7, medan HKPI for euroområdet var 108,1. Tolvmånadersveksten i HKPI i august var 0,6 prosent for EU og EØS, og -0,2 prosent i euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten for september 2009 på førehand estimert til -0,3 prosent.

Detaljerte tal for september blir publisert på Eurostat sine heimesider 15. oktober.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Juli 2008-juli 2009 August 2008-
august 2009
September 2008-
september 2009
Noreg 2,2 1,8 11,4
Island 16,5 16,0  
Sverige 1,8 1,9  
Danmark 0,7 0,7  
Finland 1,2 1,3  
Tyskland -0,7 -0,1  
Storbritannia 1,8 1,6  
EøS 0,3 10,6  
EU 0,2 10,6  
Euroområdet -0,7 1-0,2 1-0,3
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.