32260_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32260
Nedgang i HKPI på 0,3 prosent
statistikk
2009-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksaugust 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i HKPI på 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg fall med 0,3 prosent frå juli til august i år. Lågare prisar på matvarer og klede bidrog mest til å trekkje HKPI ned.

Harmonisert konsumprisindeks

HKPI for Noreg var 108,9 (2005=100) i august 2009 mot 107,0 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for august på 1,8 prosent, noko som er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå juli.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juli 2009 viser at HKPI for EU og EØS var høvesvis 109,4 og 109,3, medan HKPI for euroområdet var 107,8. Tolvmånadersveksten i HKPI i juli var 0,2 prosent for EU og EØS, og -0,7 prosent i euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten for august 2009 på førehand estimert til -0,2 prosent.

Detaljerte tal for august blir publisert på Eurostat sine heimesider 16. september.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Juni 2008-juni 2009 Juli 2008-juli 2009 August 2008-august 2009
Noreg 3,5 2,2 11,8
Island 16,7 16,5  
Sverige 1,6 1,8  
Danmark 0,9 0,7  
Finland 1,6 1,2  
Tyskland - -0,7  
Storbritannia 1,8 2:  
EøS 0,7 10,2  
EU 0,6 10,2  
Euroområdet -0,1 1-0,7 1-0,2
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.