32262_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32262
Nedgang i HKPI
statistikk
2009-08-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksjuli 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg fall med 0,6 prosent frå juni til juli i år. Sesongsal på klede og skotøy samt lågare prisar på flyreiser medverka mest til å trekkje HKPI ned.

HKPI for Noreg var 109,2 (2005=100) i juli 2009 mot 106,9 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for juli på 2,2 prosent, noko som er ein nedgang på 1,3 prosentpoeng frå juni.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månaden året før

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for juni 2009 viser at HKPI for EU og EØS var 109,9, medan HKPI for euroområdet var 108,5. Tolvmånadersveksten i HKPI i juni var 0,6 prosent for EU, 0,7 prosent for EØS, og -0,1 prosent i euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten for juli 2009 på førehand estimert til -0,6 prosent.

Detaljerte tal for juli blir publiserte på Eurostat sine heimesider 14. august.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Mai 2008-mai 2009 Juni 2008-juni 2009 Juli 2008-juli 2009
Noreg 2,9 3,5 12,2
Island 15,7 16,7  
Sverige 1,7 1,6  
Danmark 1,1 0,9  
Finland 1,5 1,6  
Tyskland - -  
Storbritannia 2,2 1,8  
EøS 0,9 10,7  
EU 0,8 10,6  
Euroområdet - 1-0,1 1-0,6
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.