32280_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32280
HKPI auka 0,1 prosent
statistikk
2009-04-08T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmars 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI auka 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,1 prosent frå februar til mars 2009. Auka klesprisar medverka mest til å trekkje indeksen opp, medan lågare prisar på elektrisitet og bøker bidrog mest til å dempe oppgangen.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månaden året før

HKPI for Noreg var 108,5 (2005=100) i mars 2009, samanlikna med 105,8 i same månad året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for mars på 2,6 prosent - ned 0,2 prosentpoeng frå februar.

Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EØS, EU og euroområdet

Førebelse tal for februar 2009 viser at HKPI for EU var 108,5, medan HKPI for EØS var 108,6. For euroområdet var HKPI 107,4. Tolvmånadersveksten i HKPI var 1,7 og 1,8 prosent for høvesvis EU og EØS, medan den var 1,2 prosent for euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten på førehand estimert til 0,6 prosent for mars.

Detaljerte tal for mars blir publisert på Eurostat sine heimesider 16. april.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Januar 2008-
januar 2009
Februar 2008-
februar 2009
Mars 2008-
mars 2009
Noreg 2,6 2,8 12,6
Island 21,9 21,6  
Sverige 2,0 2,2  
Danmark 1,7 1,7  
Finland 2,5 2,7  
Tyskland 0,9 1,0  
Storbritannia 3,0 2..  
EøS 1,8 11,8  
EU 1,8 11,7  
Euroområdet 1,1 11,2 10,6
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.