32304_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32304
Høg årsvekst for HKPI
statistikk
2009-01-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksdesember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høg årsvekst for HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg auka med 3,4 prosent frå 2007 til 2008. Prisane på elektrisitet og matvarer bidrog mest til oppgangen, medan klede og audiovisuelt utstyr drog i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månaden året før

HKPI for Noreg var 107,7 (2005=100) i desember 2008, samanlikna med 105,0 i same månaden året før. Dette svarer til ein tolvmånadersvekst for desember på 2,6 prosent, ned 0,7 prosentpoeng frå november. Frå november til desember 2008 gjekk HKPI ned med 0,3 prosent. Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for november 2008 viser at HKPI for EU og EØS var 109,0. For euroområdet var HKPI 108,0. Tolvmånadersveksten i HKPI var 2,8 prosent for EU og EØS, medan den var 2,1 prosent for euroområdet. I euroområdet er tolvmånadersveksten på førehand estimert til 1,6 prosent for desember.

Detaljerte desembertal blir publiserte på Eurostat sine heimesider 15. januar.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  Oktober 2007-oktober 2008 November 2007-november 2008 Desember 2007-desember 2008 årsvekst 2007-2008
Noreg 5,1 3,3 12,6 13,4
Island 17,9 19,8    
Sverige 3,4 2,4    
Danmark 3,8 2,8    
Finland 4,4 3,5    
Tyskland 2,5 1,4    
Storbritannia 4,5 4,1    
EøS 3,7 12,8    
EU 3,7 12,8    
Euro-området 3,2 12,1    
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.