32311_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32311
Nedgang i HKPI
statistikk
2008-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksnovember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg gjekk ned med 0,7 prosent frå oktober til november. Lågare prisar på elektrisitet og transport bidrog mest til nedgangen.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 108,0 (2005=100) i november 2008, samanlikna med 104,6 i same månad i fjor. Dette tilsvarer ein vekst på 3,3 prosent sidan november i fjor, medan tolvmånadersveksten i HKPI var på 5,1 prosent i oktober. Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EØS, EU og Euro-området

I oktober 2008 blei HKPI for EU og for EØS notert til 109,4, medan den for Euro-området var 108,6. Tolvmånadersveksten i HKPI for både EU og EØS var 3,7 prosent, medan den var 3,2 prosent for Euro-området. I Euro-området er tolvmånadersveksten på førehand estimert til 2,1 prosent for november.

Detaljerte novembertal blir publiserte på Eurostat sine heimesider 14. desember.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  September 2007-
september 2008
Oktober 2007-
oktober 2008
November 2007-
november 2008
Noreg 4,8 5,1 13,3
Island 15,4 17,9  
Sverige 4,2 3,4  
Danmark 4,5 3,8  
Finland 4,7 4,4  
Tyskland 3,0 2,5  
Storbritannia 5,2 2..  
EøS 4,2 13,7  
EU 4,2 13,7  
Euro-området 3,6 13,2  
1  Førebelse tal.
2  Ikke tilgjengelig.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.