12257_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
12257
Energiprisane trekte opp HKPI
statistikk
2007-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksnovember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Energiprisane trekte opp HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) gjekk opp med 1,11 prosent frå oktober 2007 til november 2007. Prisauke på elektrisitet, bensin, matvarer og klede trakk indeksen opp, medan prisreduksjon på enkelte teneste innanfor transport- og telekommunikasjon verka i motsett retning.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var 104,6 (2005=100) i november i år, mot 103,6 i november i fjor. Dette tilsvarer ein auke på 1,0 prosent frå november 2006 til same månad i år. I oktober var tolvmånadersveksten negativ med 0,3 prosent.

Sjå http://www.ssb.no/kpi/ for fleire detaljar.

EØS, EU og euro-området

For EØS og for EU blei HKPI for oktober notert til 105,5, medan for euro-området blei den 105,2. Tolvmånadersveksten i HKPI for EØS og for euro-området var 2,6 prosent. For EU var den 2,7 prosent. Eurostat har på førehand estimert tolvmånadersveksten i euro-området til 3,0 prosent for november 2007.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
 
 September 2006-
september 2007
Oktober 2006-
oktober 2007
November 2006-
november 2007
 
Noreg-0,3-0,311,0
Island2,12,3 
Sverige1,61,9 
Danmark1,21,8 
Finland1,71,8 
Tyskland2,72,7 
Storbritannia1,82,1 
EøS2,212,6 
EU2,212,7 
Euro-området2,112,6 
 
1 Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.
1Rettet 10.01.2008.