12281_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
12281
Prisnedgang på energivarer
statistikk
2006-12-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksnovember 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Prisnedgang på energivarer

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg fall med 0,2 prosent frå oktober til november 2006. Nedgangen skuldast hovudsakleg fall i prisane på elektrisitet og bensin.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå den same månaden året før

HKPI for Noreg var 103,6 (2005=100) i november i år, mot 100,8 i november i fjor. Tolvmånadersveksten i HKPI var med dette 2,8 prosent i november, ned frå 3,0 prosent i oktober. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.

EØS, EU og euro-området

HKPI for EØS og euro-området var på høvesvis 102,8 og 102,6 i oktober 2006. Tolvmånadersveksten i HKPI for EU og EØS var på 1,8 prosent, mens den for euro-området var på 1,6 prosent i oktober 2006. Eurostats snøggutrekning av tolvmånadersveksten i euro-området er 1,8 prosent for november 2006.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
 
 September 2005-september 2006Oktober 2005-oktober 2006November 2005-november 2006
 
Noreg3,03,012,8
Island6,15,8 
Sverige1,21,2 
Danmark1,51,4 
Finland0,80,9 
Tyskland1,01,1 
Storbritannia2,42,4 
EøS1,911,8 
EU1,911,8 
Euro-området1,711,6 
 
1 Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.