12293_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
12293
HKPI steig med 0,1 prosent
statistikk
2006-06-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmai 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI steig med 0,1 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,1 prosent frå april til mai 2006. Tolvmånadersveksten i HKPI var på 2,5 prosent, noko som mellom anna kjem av høgare prisar på energivarer.

HKPI for Noreg var 102,6 (2005=100) i mai i år, mot 100,1 i mai i fjor. Tolvmånadersveksten i HKPI var med dette 2,5 prosent i mai, ned frå 2,8 prosent i april. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring fra same månad året før

EØS, EU og eurosona

HKPI for EØS og eurosona var på respektive 102,1 og 102,2 i april 2006. Tolvmånadersveksten i HKPI for EU og EØS-området var på 2,3 prosent i april 2006. Konsumprisveksten i eurosona var i same periode på 2,4 prosent. Eurostat har på førehand estimert tolvmånadersveksten i eurosona til 2,5 prosent i mai 2006.

Harmonisert konsumprisindeks for
Noreg og andre utvalde land.
Endring i prosent
 
 Mars 2005-
mars 2006
April 2005-
april 2006
Mai 2005-
mai 2006
 
Noreg2,42,812,5
Island2,03,3 
Sverige1,51,8 
Danmark1,81,8 
Finland1,21,5 
Tyskland1,92,3 
Storbritannia1,82,0 
EøS2,112,3 
EU2,112,3 
Eurosona2,212,4 
 
1 Førebels tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.