12305_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
12305
HKPI auka med 1,9 prosent siste tolv månader
statistikk
2005-12-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksnovember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI auka med 1,9 prosent siste tolv månader

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) var uendra frå oktober til november 2005. Frå november 2004 til november 2005 steig HKPI med 1,9 prosent, hovudsakleg grunna prisauke på energivarene bensin og elektrisitet.

HKPI for Noreg var 119,6 (1996=100) i november 2005, mot 117,4 i november 2004. Tolvmånadersveksten i HKPI var 1,9 prosent i november, noko som er uendra frå oktober. Sjå http://www.ssb.no/kpi/ for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

EØS, EU og eurosona

HKPI for EØS og eurosona var på respektive 118,9 og 119,4 i oktober 2005. Tolvmånadersveksten i HKPI var 2,4 prosent for EØS og 2,5 prosent for eurosona, begge med ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå september. Eurostat har på førehand estimert tolvmånadersveksten i eurosona til 2,4 prosent i november.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og
andre utvalde land. Endring i prosent
 
 September 2004-
september 2005
Oktober 2004-
oktober 2005
November 2004-
november 2005
 
Noreg2,11,911,9
Island1,61,5 
Sverige1,10,9 
Danmark2,41,9 
Finland1,10,8 
Tyskland2,62,4 
Storbritannia2,52,3 
EøS2,512,4 
EU2,512,4 
Eurosona2,612,5 
 
1 Førebels tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.