32001_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32001
Harmonisert indeks opp 0,2 prosent
statistikk
2004-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksfebruar 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Harmonisert indeks opp 0,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg gjekk opp med 0,2 prosent frå januar til februar 2004 som hovudsakleg kjem av høgare prisar på bensin og prisoppgang etter sal på klede og møblar. Lågare elektrisitetsprisar dempa prisauken.

HKPI for Noreg var 116,1 (1996=100) i februar i år, mot 117,9 i februar i fjor, ein nedgang på 1,5 prosent dei 12 siste månader. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

EØS, EU og Eurosona

12-månadsveksten i HKPI for EU og EØS-området var på respektive 1,8 og 1,7 prosent i januar. Konsumprisveksten i Eurosona var i same periode på 1,9 prosent. Eurostat har på førehand estimert 12-månadsveksten i Eurosona til 1,6 prosent i februar.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og
andre utvalde land. Endring i prosent
  Desember 2002-
desember 2003
Januar 2003-
januar 2004
Februar 2003-
februar 2004
Noreg 0,1 -1,4 2-1,5
Island 1,8 1,4  
Sverige 1,8 1,3  
Danmark 1,2 1,0  
Finland 1,2 0,8  
Tyskland 1,1 1,3  
Storbritannia 1,3 1,4  
EøS 1,8 21,7  
EU 1,8 21,8  
Eurosona 2,0 21,9  
USA1 1,9 1,9  
Japan1 -0,4 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
2  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.