32013_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32013
Harmonisert indeks opp 0,3 prosent
statistikk
2003-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. november 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Harmonisert indeks opp 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 116,4 (1996=100) i november, ein oppgang på 0,3 prosent frå oktober. HKPI auka hovudsakleg grunna prisutviklinga på energivarer. Tolvmånadersveksten i EØS-området var 1,8 prosent i oktober.

Oppgangen i HKPI for Noreg frå oktober til november vart dempa av ein prisnedgang på mellom anna flyreiser. Tolvmånadersveksten i HKPI var 1,5 prosent i november, ned frå 1,6 prosent i oktober. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

Tolvmånadersveksten i EØS-området

Konsumprisane i EØS-området steig med 1,8 prosent frå oktober 2002 til oktober 2003. Irland hadde den høgaste tolvmånadersveksten med 3,3 prosent. Dei lågaste prisvekstane vart i oktober registrert i Finland og Austerrike med respektive 0,9 og 1,0 prosent.

Prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk og eigenbetaling til utdanning auka mest i EØS-området frå oktober 2002 til oktober 2003. Prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk auka samla sett med 5,1 prosent i EØS-området. Variasjonane i tolvmånadersveksten var stor mellom landa i EØS-området, frå ein prisnedgang på 6,8 prosent i Danmark til ein prisoppgang på 10,9 prosent i Frankrike. Eigenbetaling til utdanning auka med 4,0 prosent i EØS-området. Med unntak av Sverige vart det registrert ein oppgang i alle EØS-landa. Størst var auken i Danmark og Portugal med respektive 15,8 og 11,7 prosent.

Prisane innanfor gruppene post- og teletenester og kultur og fritid derimot gjekk svakt ned i EØS-området frå oktober i fjor til oktober i år.

Konsumprisveksten i Eurosona frå oktober 2002 til oktober 2003 var på førehand estimert av Eurostat til 2,1 prosent, medan den faktiske prisveksten var 2,0 prosent. Venta vekst i konsumprisane i Eurosona i november er 2,2 prosent. Tolvmånadersveksten for EU var 1,8 prosent i oktober.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og
andre utvalde land. Endring i prosent
     September 2002-
september 2003
   Oktober 2002-
oktober 2003
   November 2002-
november 2003
Noreg 1,9 1,6 31,5
Island 1,2 1,1  
Sverige 2,3 2,0  
Danmark 1,7 1,1  
Finland 1,2 0,9  
Tyskland 1,1 1,1  
Storbritannia 1,4 ...  
EøS 2, 32,0 31,8  
EU 2, 32,0 31,8  
Eurosona 2, 32,2 32,0  
USA1 2,3 ...  
Japan1 -0,2 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
2  Reviderte tal.
3  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.