32061_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32061
Harmonisert indeks opp 0,3 prosent
statistikk
2002-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksnovember 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Harmonisert indeks opp 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 114,7 i november (1996=100), ein oppgang på 0,3 prosent frå oktober. 12-månadersveksten i EØS-området var 2,1 prosent i oktober.

HKPI auka med 0,3 prosent frå oktober til november. Høgare prisar på elektrisitet var hovudårsaka til prisoppgangen. 12-månadersveksten i HKPI var 1,8 prosent i november, opp frå 1,3 prosent i oktober. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Prisendring frå september til oktober i EØS-området

HKPI for heile EØS-området var 111,8 i oktober, ein oppgang på 0,2 prosent frå september. Den største auken i HKPI i perioden vart registrert i Spania med 0,9 prosent. Derimot hadde Belgia, Tyskland og Nederland ein nedgang i konsumprisane på 0,1 prosent.

Prisane på klede og skotøy steig frå september til oktober, noko som kan ha samanheng med sesongmessige svingingar. Spania medverka mest til oppgangen med den kraftigaste prisauken. Prisane på bensin gjekk også opp i oktober, der Luxembourg og Austerrike vart registrerte med størst prisauke. Også eigenbetaling til utdanning steig i EØS-området i oktober.

Harmonisert konsumprisindeks

12-månadersveksten i EØS-området

Konsumprisane i EØS-området steig med 2,1 prosent frå oktober 2001 til oktober 2002. I Irland auka prisane mest med 4,4 prosent, medan dei lågaste prisvekstane vart registrerte i Belgia, Tyskland og Noreg med 1,3 prosent.

Prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk steig med 3,4 prosent frå oktober 2001 til oktober 2002. Bortsett frå i Noreg auka prisane i alle landa i EØS-området. Eigenbetaling til utdanning og prisane på hotell- og restauranttenester medverka også til å trekkje konsumprisane opp med ein auke på respektive 5,0 og 4,3 prosent. Utgifter til transport auka i alle landa i EØS-området dei siste 12 månadene, totalt sett gjekk prisane opp med 2,9 prosent. Oppgangen kjem mellom anna av ein prisauke på bensin.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer steig i EØS-området med 1,6 prosent frå oktober 2001 til oktober 2002. Spania og Hellas var registrerte med høgast vekst på høvesvis 5,1 og 4,7 prosent. Til tross for ein kraftig nedgang i prisane på klede og skotøy i Storbritannia, Noreg og Irland, gjekk prisane totalt sett svakt opp med 0,6 prosent i EØS-området.

Konsumprisveksten i Eurosona frå oktober 2001 til oktober 2002 var på førehand estimert av Eurostat til 2,2 prosent, medan den faktiske prisveksten vart 2,3 prosent. Forventa vekst i konsumprisane i Eurosona i november er 2,2 prosent. 12-månadersveksten for EU var 2,1 prosent i oktober.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
  September-oktober 2002 September 2001-september 2002 Oktober 2001-oktober 2002 November 2001-november 2002
Noreg 0,2 1,2 1,3 1,8*
Island 0,4 3,2 3,0  
Sverige 0,4 1,2 1,7  
Danmark 0,3 2,5 2,7  
Finland 0,3 1,4 1,7  
Tyskland -0,1 1,0 1,3  
Storbritannia 0,2 1,0 1,4  
EøS 0,2* 1,9 2,1*  
EU 0,3* 1,9 2,1*  
Eurosonen 0,3* 2,1 2,3*  
USA1 ... 1,5 ...  
Japan1 ... -0,7 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.