32073_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32073
Fall i harmonisert indeks
statistikk
2002-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksaugust 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fall i harmonisert indeks

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 113,3 i august (1996=100), ein nedgang på 0,4 prosent frå juli. 12-månadersveksten i EØS-området var 1,8 prosent i juli.

HKPI gjekk ned med 0,4 prosent frå juli til august. Fallet i månadsendringa kan forklarast med ein prisreduksjon på klede, matvarer og flyreiser. Nedgangen vart dempa av ein auke i prisane på elektrisitet, bensin og hotelltenestar og diverse helsetenestar. HKPI steig med 1,1 prosent frå august 2001 til august 2002. Sjå http://www.ssb.no/kpi/ for fleire detaljar.

Prisendring frå juni til juli i EØS-området

HKPI for heile EØS-området var 111,1 i juli, ned 0,2 prosent frå juni. Til samanlikning var HKPI for Noreg 113,7, ned 0,1 prosent. Den største auken i HKPI i perioden vart registrert i Tyskland og Portugal med 0,3 prosent. I Hellas derimot, fall konsumprisane med heile 2,0 prosent.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarar i EØS-området gjekk ned frå juni til juli, mellom anna som ein følgje av ein prisreduksjon på frukt og grønsaker. Til samanlikning var det i Noreg ein prisauke på matvarer og alkoholfrie drikkevarer. Med unntak av Island, fall prisane på klede og skotøy i alle EØS-landa. Prisane på transporttenestar auka frå juni til juli, spesielt innanfor passasjertransport med fly og båt. Det var ein svak oppgang i husleigene i EØS-området, medan bensinprisane gjekk marginalt ned. Prisane på pakketurar og hotelltenestar steig i EØS-området.

Harmonisert konsumprisindeks

12-månadersveksten i EØS-området

Konsumprisane i EØS-området steig med 1,8 prosent frå juli 2001 til juli 2002. Den lågaste 12-månadersveksten i området sto Tyskland for med 1,0 prosent. I Irland og på Island auka konsumprisane med respektive 4,2 og 4,0 prosent.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer steig med 1,5 prosent frå juli 2001 til juli 2002. Av EØS-landa var det berre Tyskland og Storbritannia med registrerte prisnedgangar. Dei største prisaukane var derimot å sjå i Hellas og Spania. Prisane på klede og skotøy steig med 0,6 prosent i EØS-området i løpet av dei 12 siste månadene, medan dei i Noreg sank med 5,0 prosent. Det var generelt stor spreiing i endringsratane på klede og skotøy i dei ulike landa i EØS-området. Også i juli fall bensinprisane i EØS-området.

Konsumprisveksten i Eurosona var på førehand estimert av Eurostat til 1,9 prosent i juli, noko som viste seg å vere den faktiske prisveksten for dei 12 landa i perioden. Forventa vekst i konsumprisane i Eurosona i august er 2,1 prosent. 12-månadersveksten for dei 15 EU-landa var 1,8 prosent i juli.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land.
Endring i prosent
  Juni 2002-juli 2002 Juni 2001-juni 2002 Juli 2001-juli 2002 August 2001-august 2002
Noreg -0,1 -0,4 1,2 1,1*
Island 0,2 4,7 4,0  
Sverige -0,5 1,7 1,8  
Danmark -0,4 2,2 2,2  
Finland -0,4 1,5 2,0  
Tyskland 0,3 0,7 1,0  
Storbritannia -0,3 0,6 1,1  
EøS -0,2* 1,6 1,8*  
EU -0,2* 1,6 1,8*  
Eurosona -0,2* 1,8 1,9*  
USA1 0,2 1,1 1,5  
Japan1 ... -0,7 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.