32085_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32085
Fall i konsumprisane siste 12 månader
statistikk
2002-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmai 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fall i konsumprisane siste 12 månader

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg fall med 0,4 prosent frå mai 2001 til mai 2002. HKPI var 113,8 (1996=100) i mai, ein oppgang på 0,2 prosent frå april. 12-månadersveksten i EØS-området var 2,2 prosent i april.

Nedgangen i HKPI dei siste 12 månadene kjem hovudsakeleg frå lågare avgifter og frå prisutviklinga på bensin og elektrisitet. HKPI steig med 0,2 prosent frå april til mai, noko som kjem av mellom anna auka prisar på klede og skotøy i tillegg til høgare husleiger. Sjå konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Prisendring frå mars til april i EØS-området: Opp 0,5 prosent

HKPI for heile EØS-området var 111,2 i april. Det er ein oppgang på 0,5 prosent frå mars. Den største auken i HKPI vart registrert i Spania med 1,4 prosent. Island derimot, var det einaste landet som viste nedgang i konsumprisane i april.

Det vart registert oppgang i prisane på klede og skotøy i EØS-området frå mars til april. Med unntak av Storbritannia auka prisane på desse varene i alle medlemslanda, og kraftigast var prisauken i Spania og Portugal. Prisane på varer og tenester knytte til kultur og fritid medverka derimot til å dempe prisveksten i EØS-området i april, og ein viktig faktor var lågare prisar på pakketurar.

12-månadersveksten i EØS-området: Berre Noreg hadde nedgang

Konsumprisane i EØS-området steig med 2,2 prosent frå april 2001 til april 2002. Noreg var det einaste EØS-landet som hadde ein nedgang i prisane, HKPI fall med 0,1 prosent. Island, Irland og Nederland viste kraftige vekstratar med respektive 7,7, 5,0 og 4,2 prosent. 12-månadersveksten i april for EU og Eurosona var respektive 2,2 og 2,4 prosent. Konsumprisveksten i Eurosona vart på førehand estimert av Eurostat til 2,2 prosent.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer gjekk opp med 3,3 prosent i EØS-området frå april 2001 til april 2002. Særleg prisane på frukt og grønsaker steig kraftig. Alle landa auka sine prisar sett bort frå Noreg som viste ein samla nedgang på 5,7 prosent. I EØS-området steig prisane på hotell- og restauranttenester med 4,5 prosent, det var restauranttenestene som viste den kraftigaste auken. Prisane på kommunikasjon fall derimot med 0,1 prosent i same periode.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land.
Endring i prosent
  Mars-april 2002 Mars 2001-mars 2002 April 2001-april 2002 Mai 2001-mai 2002
Noreg - 0,4 -0,1 -0.4*
Island -0,1 9,1 7,7  
Sverige 0,3 3,0 2,2  
Danmark 0,4 2,5 2,3  
Finland 0,4 2,6 2,6  
Tyskland - 1,9 1,6  
Storbritannia 0,4 1,5 1,3  
EøS 20,5 2,3 22,2  
EU 20,5 2,3 22,2  
Eurosona 0,5 2,5 2,4  
USA1 0,6 1,5 1,6  
Japan1 ... -1,2 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
2  Estimert.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.