226110_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/kvartal
226110
Engrosprisane opp 1,3 prosent
statistikk
2015-08-21T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Varehandel og tjenesteyting
no
engrospris, Prisindeks for engroshandel (opphørt), engroshandel (for eksempel med næringsmiddel, drivstoff, byggjevarer)Varehandel, Produsent- og engrosprisindekser, Varehandel og tjenesteyting, Priser og prisindekser
false
Prisane i engroshandelen gjekk opp 1,3 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2015. Prisane innanfor engroshandel med nærings- og nytingsmiddel gjekk opp 1,2 prosent.

Prisindeks for engroshandel (opphørt)2. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Engrosprisane opp 1,3 prosent

Prisane i engroshandelen gjekk opp 1,3 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2015 og er 3,4 prosent høgare enn for eitt år sidan.

Hovudtal for engroshandel. 2005 = 100
GjennomsnittEndring i prosent2. kvartal 2015Endring i prosent
20142013 - 20141. kvartal 2015 - 2. kvartal 2015
Engroshandel i alt135,53,9138,81,3
Engroshandel med jordbruksråvarer og levande dyr150,41,6162,80,2
Engroshandel med nærings- og nytingsmiddel140,06,2147,01,2
Engroshandel med hushaldsvarer og varer til personleg bruk116,73,2120,60,5
Engroshandel med IKT-utstyr91,82,794,70,6
Engroshandel med andre maskiner og anna utstyr128,83,2134,61,1
Engroshandel med spesialisert vareutval elles149,93,0147,71,9
Engroshandel med drivstoff og brensle169,22,9160,22,8
Figur 1. Prisindeks for engroshandel. 2005=100

Prisane innanfor engroshandel med nærings- og nytingsmiddel gjekk opp 1,2 prosent frå 1. kvartal 2015 til 2. kvartal 2015. På eitt år steig prisane i denne næringa med 6,2 prosent. Nærings- og nytingsmiddel utgjer om lag 30 prosent av omsetninga innanfor engroshandelen.