På grunn av vedlikehold vil ssb.no og statistikkbanken være utilgjengelig i perioden 17.00-19.00 lørdag 15. desember. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Halvert årsvekst i KPI

Publisert:

Årsveksten i konsumprisindeksen (KPI) var 1,8 prosent for 2017. Dette er ei halvering av årsveksten for 2016. Årsveksten i KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) var 1,4 prosent, ein nedgang i årsveksten på 1,7 prosentpoeng frå 2016.

Årsveksten for varer var i 2017 1,4 prosent, medan prisane på tenester auka med 2,3 prosent. Årsveksten i 2017 for KPI totalt var 1,8 prosent.

Dei viktigaste bidraga på oppsida var energivarer og tenestegruppene feriereiser, pakketurar og overnattingstenester, medan det på nedsida spesielt var møbel, klede og matvarer som var viktig.

Den underliggjande årsveksten målt ved endringa i KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) var i 2017 1,4 prosent. Forskjellen mellom årsveksten i KPI og KPI-JAE i 2017 kan forklarast med at prisoppgangen på straum og drivstoff er sterkare enn gjennomsnittet.

Figur 1. Konsumprisindeksen. Årsendring 2015-2017

2015-2016 2016-2017
Tjenester med andre viktige priskomponenter 4.2 2.6
Tjenester hvor arbeidskraft dominerer 2.7 2.9
Tjenester uten husleie 3.7 2.7
Husleie 1.8 1.9
Tjenester 3.0 2.4
Importerte varer 3.6 0.7
Energivarer 9.5 9.4
Norske varer uten jordbruks- og energivarer 4.1 0.4
Norske jordbruksvarer 2.1 -0.1
Varer 4.1 1.4

Nullvekst på matvarer

Prisane på matvarer har hatt ein klar årleg auke dei siste åra. Frå 2016 til 2017 derimot hadde me tilnærma nullvekst for matvarer, men årsveksten skjuler store prisrørsler gjennom året.

Matvareprisane har dei siste åra hatt eit tydeleg sesongmønster; ein prisoppgang på våren og fram til sommaren, med unntak av ein nedgang i påskemånaden, etterfylgt av ein prisnedgang frå august og ut året.

Dette mønsteret såg ein også i 2017. Det var riktignok ein uvanleg stor nedgang i august, på 3,4 %, men den samla prisnedgangen frå juli til desember er om lag lik som i 2016.

Prisnedgangen før jul og i påskemånaden skuldast tilbodsaktivitet, medan sesongmønsteret elles nok til dels kan tilskrivast ein kombinasjon av sesongmønster i matproduksjon både i Noreg og internasjonalt, og til dels også sesongbestemte norske tollbarrierar på frukt og grønt. 

Prisane på kjøtt viste ein negativ årsvekst på 2,3 prosent, og var den viktigaste årsaka til at matprisane ikkje auka i perioden. Men også fleire andre varegrupper hadde negativ årsvekst, deriblant sjokolade, chips og frukt.

Me har i fleire år hatt ein stor oppgang i prisane på fisk, og det hadde me også i 2017. For laks er det interessant å samanlikne utviklinga i eksportprisane med norske konsumprisar. Eksportprisen på fersk oppdrettslaks har svært låg vekst frå 2016 til 2017, medan norske konsumprisar viser ein stor auke for varegruppa fersk laks/aure.

Noko av grunnen til dette kan vere at eksportprisane dei siste åra har hatt langt høgare årsvekst enn den prisen konsumentane betaler.

Frå 2012 til 2016 auka prisindeksen for laks og aure rundt 30 prosent, medan eksportprisen meir enn dobla seg. Lange kontraktar mellom grossistar og daglegvarebransjen kan dermed ha bidratt til å halde konsumentprisauken på laks nede dei siste åra. Prishoppet me har sett i 2017 kan til dels vere eit resultat av ein reforhandling av enkelte av desse kontraktane.

Energivarer trekker opp

Prisutviklinga på energivarer er ein volatil komponent i KPI, og kan svinge mykje frå månad til månad. Prisoppgang for både straum og drivstoff medverka til å dra opp årsveksten i KPI.

Straumprisen hadde ein betydeleg årsvekst i 2017, og var ein viktig bidragsytar til årsveksten i KPI, sjølv om auken var langt høgare i 2016. Prisen har dei siste åra hatt eit klart sesongmessig mønster, der prisane som regel går ned på våren og sommaren, og opp gjennom hausten og vinteren. Dette var også tilfelle i 2017, bortsett frå i oktober.

Høgt tilbod som følgje av fulle vassmagasin og mykje vind, samt lågare etterspurnad grunna mildvêr førte til at prisane falt i oktober, ein månad prisane vanlegvis stig.

Etter to år med negativ årsvekst i drivstoffprisane såg me i 2017 ein betydeleg oppgang. Her speler oljeprisen inn, og trenden i drivstoffprisane som inngår i KPI følgjer utviklinga i oljeprisen ganske tett, sjølv om endringane i norske pumpeprisar som regel ikkje er like store, og det er andre faktorar som speler inn. Les artikkelen «Langt mer enn oljeprisen påvirker bensinprisene» for meir informasjon om forholdet mellom internasjonal oljepris og norske pumpepriser.

Største møbelnedgang sidan 1979

Prisane på både importerte og norskproduserte varer har ein lågare årsvekst i 2017 enn i 2016. Som i 2016 er årsveksten størst for norskproduserte varer. Årsveksten for norskproduserte og importerte varer var henholdsvis 2,6 prosent og 0,7 prosent i 2017.

Prisnedgang på klede og møbel bidrar mest til fallet i årsveksten for importerte varer. Prisindeksen for klede hadde negativ årsvekst kvart år frå 1996 til og med 2014. Etter to år med prisoppgang, har me igjen negativ årsvekst. Møbel har også hatt prisoppgang dei siste åra.

Frå 2013 til 2016 auka indeksen for møbel og innreiings- og dekorasjonsartiklar med over 25 prosent, for så å gå ned 3,1 prosent i 2017. Dette er den største nedgangen sidan møbelindeksen vart skilt ut som ein eigen indeks i 1979.

Både den positive årsveksten for møblar og klede dei siste åra, og nedgangen i 2017, kan delvis forklarast med valutarørsler. Frå 2013 til 2016, perioden då møbelprisane auka med 25 prosent, svekka krona seg med 18 prosent mot Norges Bank sin importvegde valutaindeks I-44, medan krona i 2017 styrka seg noko.

Kontakt