Auke i byggjekostnader

Publisert:

Byggjekostnadene for bustader auka med 0,6 prosent frå juli til august i år. Arbeidskraftkostnadene steig med 0,9 prosent medan materialkostnadene steig med 0,3 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadene gjekk opp med 0,5 prosent for einebustad og med 0,7 prosent for bustadblokk frå juli til august i år viser statistikken Byggjekostnadsindeks for bustader. Frå august 2017 til august 2018 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 3,6 og 3,9 prosent. De tilsvarande materialkostnadene steig med høvesvis 3,7 og 3,6 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.

Som tidlegare år er arbeidskostnadsindeksen for 2. kvartal rekna inn i byggjekostnadene for august. Nytt frå og med dette kvartalet er at kjelda til arbeidskostnadsindeksen er Statistisk sentralbyrås arbeidskraftkostnadsindeks (AKI) og ikkje lenger den kvartalsvise lønnsindeksen som er lagt ned frå og med 2. kvartal 2018. Arbeidskostnadsindeksen er bygget opp som den ordinære arbeidskraftkostnadsindeksen med noen spesialtilpassinger for byggenæringen.

Mer informasjon om oppbyggingen av AKI

 

Faktaside