84593_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
84593
Kommunale tilskott dekkjer 65 prosent av utgiftene
statistikk
2012-06-26T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kommunale tilskott dekkjer 65 prosent av utgiftene

Kommunale tilskott til dei kyrkjelege fellesråda har auka gradvis dei siste åra. Tala for 2011 viser at kommunale tilskott vart på om lag 2,4 milliardar kroner. Dette er ein auke på 181 millionar kroner, eller 8,3 prosent, frå 2010 til 2011.

Retta 22. august 2012 kl. 10.00

Det blei oppdaga feil i artikkelen og to av tabellane. Desse er no retta, og alt materialet blei lagt ut på nytt med nye tal 22. august 2012.

Nye tal er også lagt i Statistikkbanken.

Brutto driftsresultat for dei kyrkjelege fellesråda vart i 2011 på 196 millionar kroner. Dette er ein oppgang på 56 millionar, eller 40 prosent, frå 2010. Driftsinntektene for fellesråda utgjorde knappe 3,9 milliardar kroner i 2011, mot knappe 3,7 milliardar året før, ein auke på om lag 212 millionar kroner. Driftsutgiftene var knappe 3,7 milliardar kroner, mot 3,5 milliardar kroner i 2010, som svarar til ein auke på om lag 156 millionar kroner.

Netto driftsresultat utgjorde 174 millionar kroner i 2011. Dette var ein auke på 51 millionar kroner, eller 41,5 prosent, frå året før. Betringa knytte seg til auka brutto driftsresultat. Finansutgiftene vart 22 millionar høgare enn finansinntektene. Finansieringsutgiftene består av renteutgifter, avdragutgifter og utlån, samt kjøp av aksjar og partsdelar. Finansinntektene består tilsvarande av renteinntekter, utbytte og mottekne avdrag på utlån, samt sal av aksjar og partsdelar.

Driftsrekneskap. 2007-2011. Millionar kroner

Auke i tilskotta frå kommunane

Tilskott frå eigen kommune utgjorde den største inntektskjelda for dei kyrkjelege fellesråda. I 2011 gav kommunane noko meir enn 2,4 milliardar kroner til kyrkjelege fellesråd, mot i overkant av 2,1 milliardar kroner i 2010. Totale tilskott utgjorde om lag 61 prosent av inntektsgrunnlaget i 2011. Statlege tilskott var på 271 millionar kroner, som svarar til 7 prosent av inntektsgrunnlaget. Tilskott frå fellesråda og meinigheitsråda gjekk ned frå 17 millionar i 2010 til 10 millionar kroner i 2011, og utgjorde om lag 0,3 prosent av inntektsgrunnlaget.

Inntekter frå refusjonar og overføringar som òg omfatta momskompensasjonar gjekk ned med 18 millionar frå 2010 til 2011, og utgjorde 18 prosent av inntektsgrunnlaget i 2011. Inntekter frå brukarbetalingar, sal, avgifter og leigeinntekter auka med 27 millionar kroner frå 2010 til 2011. Det svarar til 8 prosent av inntektsgrunnlaget. Andre tilskott, gåver og offer til fellesråda auka frå 67 millionar kroner i 2010 til 72 millionar kroner i 2011, og utgjorde 2 prosent av inntektsgrunnlaget for dei kyrkjelege fellesråda.

Størst auke i lønnsutgifter

Lønnsutgiftene for fellesråda har auka gradvis dei siste åra. I 2011 var lønnsutgiftene på om lag 2,3 milliardar kroner, ein auke på 119 millionar kroner frå året før. Lønnsutgiftene utgjorde 63 prosent av dei totale driftsutgiftene i 2011, medan kjøp av varer og tenester utgjorde 25 prosent av driftsutgiftene. Dei andre utgiftspostane har halde seg meir eller mindre på same nivå som i 2010.

I 2011 var driftsutgiftene til kyrkja knappe 1,4 milliardar kroner. Det er ein auke på 2 millionar kroner frå 2010. Mesteparten av driftsutgiftene til kyrkja har si årsak i lønnsutgifter, bygging, drift og vedlikehald av kyrkjebygga. Utgiftene til kyrkjeleg administrasjon, gravstader og anna kyrkjeleg verksemd har også gått noko opp, til høvesvis om lag 1 milliard, 613 millionar og 668 millionar kroner i 2011.

Driftsutgifter, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. 2007-2011. Prosent

Mindre bruk av lån til investeringar

Investeringane i bygg og anlegg utgjorde 6301 millionar kroner i 2011, som er 561 millionar mindre enn året før. Investeringane til kyrkjene er den klart største utgifta og utgjorde 4141 millionar kroner, eller 661 prosent, av dei totale investeringsutgiftene. Nær 841 prosent av dei totale investeringsutgiftene vart finansiert ved refusjonar, tilskott, gåver og eigne midlar. Nye låneopptak gjekk ned frå 152 millionar i 2010 til 102 millionar kroner i 2011, ein nedgang på 50 millionar kroner.

Forvaltar meir kapital

Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på om lag 9,4 milliardar kroner i 2011. Det svarar til ein auke på om lag 12 prosent frå 2010. Sidan 2007 har auken vore på nær 3,8 milliardar kroner. Langsiktige lån auka med 132 millionar kroner frå 2010, mens kortsiktig gjeld på same tid auka med 29 millionar kroner.

Talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2011 er det 16 fellesråd av om lag 422 som ikkje har levert rekneskap. I variablane for driftsrekneskapen er det teke omsyn til dette ved at data for dei fellesråda som manglar, er estimert på bakgrunn av innbyggjartal. Variablane frå investeringsregnskapet og balansen er basert på dei rekneskapane som er innrapporterte.

Tala for tidlegare årgangar er oppdaterte.

Investeringsutgifter syner berre investeringar i anleggsmiddel.

1  Tallet er rettet 22. august 2012 kl 10.00.

Tabeller: